Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Søk

Information in English
   

Freding av fjell- og lirype på Eidfjord statsallmenning

Eidfjord Fjellstyre gjorde i sak EFS 011/10, vedtak om at det ikkje skulle jaktast rype på Eidfjord statsallmenning, om resultata frå takseringa var lågare enn 8 ryper pr km2. Dette vart jaktleiarane informert om i brev, dagsett 23.06.2010.

Publisert av Møen, Bjørne. Sist endra 19.08.2010

Taksering gjekk føre seg i perioden 5. til 8. august. Resultatet synte eit tal på 4 (3-6) ryper pr. km2. Det positive er at ein fekk eit tal på kyllingar pr. rypehøne på 7,5, noko som gjev von om at ein vil få ein auke i fjell- og lirype stammane neste år. I 2009 var det same forholdet på kyllingar pr. rypehøne på 2,6.

Søknadsfrist for rypejakt for sesongen 2011, er 1. april.

Søknadsskjema vert lagt ut på heimesidene til Eidfjord Fjellstyre. Eventuell tildeling av jaktkort vert heller ikkje i 2011 gjort før etter taksering i august.

Eidfjord Fjellstyre ber om forståing for avgjerda om freding av rypa i 2010. Me vil og takka jegerane som tolmodige har måtte venta lenge på svar.

   

Kontaktinformasjon

Eidfjord fjellstyre Simadalsvegen 1
5783 Eidfjord
Telefon
: 53673508

Mobil
: 47612205

Galleri

3. Tinnhølen
3. Tinnhølen
Levert av ACOS AS