Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Søk

Information in English
   

Hardangervidda nasjonalpark

Noregs største nasjonalpark (Svalbard unnateke) vart oppretta 1. juni 1981. Intensjonane for opprettinga vart formulert slik:

”Formålet med Hardangervidda nasjonalpark er å verne en del av et særlig verdifullt høyfjellsområde på en slik måte at landskapet med planter, dyreliv, natur- og kulturminne og naturmiljø ellers blir bevart, samtidig som området skal kunne nyttes til landbruk, friluftsliv og naturopplevelse, jakt og fiske og undervisning og forskning” (Kgl.res. 10.04.1981).
hætjørn 1
hætjørn 1

  • Nasjonalparken er fordelt på sju kommunar i tre fylker; Eidfjord, Ullensvang og Odda (Hordaland), Hol og Nore og Uvdal (Buskerud) og Vinje og Tinn (Telemark). Området som er verna som nasjonalpark er 3422 km2.

  • I tillegg er det to landskapsvernområde; Skaupsjøen/Hardangerjøkulen (561 km2) og Møsvatn/Austfjell (301 km2) som ligg inntil nasjonalparkgrensa.

  • Over halve (54%) nasjonalparken er på privat grunn. Berre 2,8 km² av statsallmenningen ligg utanfor verneområda.



Hardangervidda har høg verneverdi både i kraft av sin storleik, i innhald av naturtypar og førekomstar. Vidda utgjer eit viktig naturdokument både geologisk og biologisk. På Hardangervidda møtes nordlege og sørlege, austlege og vestlege plante- og dyreartar. Storleiken gjer sitt til at ei rekkje sjeldne og truga fugleartar finst i større tal på Hardangervidda enn i dei resterande sørnorske fjellområda til saman, noko som sjølvsagt gjer at dei som forvaltar nasjonalparken også har eit særskilt ansvar for desse bestandane. Også internasjonalt er Hardangervidda eit høgt prioritert verneområde. Vern av Hardangervidda, ”Europas største høgfjellsplatå”, har i Noreg spesielt vore trekt fram som vårt internasjonale ansvar. Innanfor nasjonalparken er det fleire vassdrag som var interessante for utbygging. Dette var to av hovudårsakene til at det var ein svært hard natur- og miljødebatt om Hardangervidda nasjonalpark på 1970-talet.

Dei største utfordringane i forvaltinga av Hardangervidda Nasjonalpark ligg i den vanskelege balansegangen det er å verne det biologiske mangfaldet samstundes som ein skal nytte naturressursane her til beiteland, jakt og fiske på ein forsvarleg måte. Det er ikkje vanskeleg å finne døme på korleis høgt beitetrykk frå sau endrar plantesamfunna somme stader i allmenningen, og jamvel fører til store skader på vierbelta. Eit anna døme er at under garnfisket druknar ein del av ungeproduksjonen til truga dykkandartar i garna.

Lokale og regionale myndigheiter har gjeve løyve til vedlikehald av traktorsleper inn i nasjonalparken. Dette er gjort for å samla fedsla og terrengslitasjen til eit køyrespor.

Hardangerjøkulen
Isbreen Hardangerjøkulen ligg i Eidfjord statsallmenning og Ulvik statsallmenning. Med sine 1859 m.o.h. er Hardangerjøkulen det høgaste punktet sør for Jotunheimen og Noregs sjette største bre (ca. 73 km2). Den største målte istjukna er på 380 m. Brearmane har trekt seg fleire hundre meter tilbake på 1900-talet, med unntak av dei siste åra kor breen har vakse litt.
 
Fann du det du leita etter?
   

Kontaktinformasjon

Eidfjord fjellstyre
Simadalsvegen 1
5783 Eidfjord
Telefon
: 53673652

Mobil
: 47612205
(Kontonr)
: 3450.20.04966

Galleri

Fotograf: Gunnar Elnan
Tinnhølhytta innvendig juli 05
Gunnar Elnan
Levert av ACOS AS
Login for redigering Login for redigering