Fellingsløyve på andre vald

Reglar for bruk av fellingsløyve på andre vald (jaktområde) enn det fellingsløyvet er utsteda på

Publisert av Bjørne Møen. Sist endra 06.08.2015

Det er eit krav i reglane at det skal vera skriftleg påteikning på fellingsløyvet dersom desse skal kunna brukast på andre vald. Dette gjeld både for fellingsløyve som vert teke ut frå vald, og for dei statsallmenningar som tillet fellingsløyve frå andre vald brukt på statsallmenning.
 

Eidfjord statsallmenning opnar ikkje for fellingsløyve frå andre vald utanom. Innabygds jegerar med fellingsløyve tildelt frå fjellstyret kan nytta fellingsløyve frå private vald i Eidfjord på statsallmenningen.
 

Me ber dei jegrane som alt har henta fellingsløyva sine, og som dette er aktuelt for, om å ta kontakt med fjellstyret for ei praktisk løysing med påteikning. Fjellstyret beklagar ekstraarbeidet dette medfører for dei dette måtte gjelda.

Fann du det du leita etter?