Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Søk

Information in English
   

Fiske

Aure er vanleg førekomande i dei fleste vatn og elvar. Jamt over er kvaliteten ypparleg og ettertrakta. Det er gode og varierte fisketilbod for stongfiske. Her finn du fiskemoglegheiter nær veg og vatn du må rekna ein dagsmarsj for å nå.

Garnfiske - Klikk for stort bilete

Garnfiske - Klikk for stort bilete Vatn og tjørn i nord-austre delen av allmenningen er kjerneområde for utbreiing av finprikkauren. Finprikkauren er ein genvariant med eit spesielt finprikka mønster, i tillegg har han eit prikkmønster i auga som virke som eit kross. Denne genvarianten finst i krysning med vanleg aure.

Fjellstyret driv aktiv fiskekultivering i tråd med driftsplanen for fiskeressursane på Eidfjord statsallmenning. Konkret vert det drive prøvefiske, tynningsfiske, fiskeutsetjing og biotopbetrande tiltak.




Garnfiske

Garnfiske har frå gamalt vore viktig grunnlag for busetnaden i bygda. Fiskeressursane i fjellvatna vart sterkt utnytta og historier fortel at retten til desse var viktig.

Garnfiske er ein rett innbyggjarar i Eidfjord har. I tillegg har bygder og grender i Ullensvang som frå gamalt har brukt Eidfjord statsallmenning sør for Nordmannslågen, rett til garnfiske. Fjellstyra tildeler garnfiske for denne delen.

Fjellstyret oppmoder fiskarane til å rapportera fangstresultat.


Reglar oterfiske

Fjellstyret opnar for bruk av oter for bruksberettiga med garnfiskekort. Bruk av oter vert tillate brukt i Langavatnet N, Svartavasstjørn, Svartavatn, Olavsbuvatna, Langavatnet, Nordvatnet og alle vatn sør for Nordmannslågen frå og med 15.06 til og med 14.09.

Fann du det du leita etter?
   

Kontaktinformasjon

Eidfjord fjellstyre
Simadalsvegen 1
5783 Eidfjord
Telefon
: 53673652

Mobil
: 47612205
(Kontonr)
: 3450.20.04966

Galleri

Fotograf: Georg Gjøstein
Skulevika
Georg Gjøstein
Levert av ACOS AS
Login for redigering Login for redigering