Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Søk

Information in English
   

Reglar for garnfiske på Eidfjord statsallmenning

 

Garnfiskereglar gjeldande frå 21.06.2016

  1. Alle som har rett til det, og som vil utøva garnfiske i statsallmenningen, må løysa fiskekort for garnfiske. Garnfiskekortet er personleg, og andre kan ikkje fiska på det.
  2. Fiske med garn er tillete frå og med 26. juli kl 08.00 til og med 7. september kl 18.00  (Unntak for vatn nemnt i pkt 8)
  3. Generelt kan det berre nyttast garn med maskevidde 45 mm (14 omf.) eller større i vatn innan Eidfjord statsallmenning som ikkje er nemnde spesielt.
  4. Det er ikkje lovleg å setja garn nærare inn- og utfallsos enn 50 meter. Garn må heller ikkje nyttast i elvar, bekker og loner.
  5. Garna skal vera tydeleg merka med eigaren sitt namn, og merka skal vera lett synleg.
  6. Eit garn skal ikkje vera lenger enn 30 meter og ikkje djupare enn 4 meter.
  7. I følgjande vatn er det ikkje tillete med større maskevidde enn 35mm (18 omf.): Drageidfjorden, Holbergtjørn, Dyratjørna, Halnetjørn, Inste og heimste Olavsbuvatn, Dalboretjørn, Skardtjenne, Fisketjørn, Langavatn N, Svartavasstjørn, Svartavatnet, Leirvatnet, Holbergtjørna, Lakadalstjørna, Bessevatn og Øvre Bessevatnet.
  8. Fiske med garn er tillete frå og med 1. juli kl 08.00 til og med 15. september kl 18.00 i følgjande vatn: Halnetjørn, Inste og heimste Olavsbuvatn, Dalboretjørn, Skardtjenne, Fisketjørn, Langavatn N, Leirvatnet, Svartavatnet, Svartavasstjørn, Holbergtjørna, Lakadalstjørna, Bessevatn, Øvre Bessevatnet, Gravagjeltjørn, Dimmedalsvatnet, Bismaren, Drageidfjorden og Dyratjørna.
  9. I Skaupsjøen kan det bare fiskast med garn med maskevidde 39mm eller mindre.
  10. I Hætjørn er det ikkje tillate med noko fiske.
  11. I følgjande vatn kan det etter avtale med fjellstyret opnast for fiske med garn til utanbygdsbuande utlånt frå fjellstyret; Halnetjørn, Inste og heimste Olavsbuvatn, Dalboretjørn, Skardtjenne, Langavatn N og Leirvatnet.
  12. I vatn sør for Nordmannslågen kan fjellstyret tillate tynningsfiske.
  13. Som ei prøveordning på 2 år vert reglar om garndøgn i vatn sør for Nordmannslågen oppheva.
  14. Generelt kan det fiskast med inntil 30 garn pr garnkort. I Tinnhølen og Kleivshovdtjørn kan det fiskast med inntil 10 garn pr garnkort, i Langavatnet inntil 15 garn pr garnkort.
Fann du det du leita etter?
   

Kontaktinformasjon

Eidfjord fjellstyre
Simadalsvegen 1
5783 Eidfjord
Telefon
: 53673652

Mobil
: 47612205
(Kontonr)
: 3450.20.04966

Galleri

Fotograf: Gunnar Elnan
Steinbua innvendig
Gunnar Elnan
Levert av ACOS AS
Login for redigering Login for redigering