Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Søk

Information in English
   

Fjellstyrehytter

4. Langavasshadle
4. Langavasshadle
Hyttene til Eidfjord fjellstyre er stilt til rådvelde for deg som ynskjer å driva jakt, fiske eller friluftsliv i statsallmenningen. Som innbyggjar av Eidfjord kommune har du desse svært attraktive rettane.
Kart Eidfjord statsallenning
Kart Eidfjord statsallenning
Når du ynskjer å bruke/overnatta i hyttene til fjellstyret (Viersla, Sandhaug, Langavasshadle, Tinnhølen, Stigstuv, Skulevika eller Krobu v/Drageidfjorden), så har desse svært ulik standard, frå primitive steinbuar til trehytter med høg komfort. Fjellstyret har klassifisert hyttene og du vil bak finna kva standard kvar enkelt hytte har, merka med stjerner frå 1 til 4, der fire er høgast.

Når du måtte ynskje å bruke nokon av desse hyttene, så ta kontakt med fellestenesta ved Eidfjord kommune (tlf 53673500) og gjer avtale. Det er laga eit eige regelverk for bruk av hyttene som alle brukarane må rette seg etter. Regelverk og ordensreglar er laga for at fjellstyret skal ha tryggleik for at hytta er slik du ynskjer å finna ho når du kjem og at du forlet den i same stand. Med omsyn til prisar og betaling syner me til oversikt lenger bak.

Fjellstyret set pris på å få tilbakemelding dersom det er manglar ved nokon av hyttene, eller om du som brukar har idear/tankar til tiltak som kan føra til at vårt tilbod til deg vert betre.

På kvar hytte ligg det ei hyttebok, fjellstyret oppmodar alle til å skrive seg inn. Har du i tillegg ei god fiske eller jakthistorie, eller andre interessante opplevingar du kan tenkje deg å dele med andre, så skriv gjerne om det i boka. Dette kan etterkvart vera med på å gjera eit opphald på hytta til ei rikare oppleving for alle brukarar.

Til slutt vil fjellstyret ynskje alle som vil utøve sine rettar i statsallmenningen god tur og har du trong for husvære, så hugs at fjellstyret sine hytter og buer er til for deg som innbyggjarar i Eidfjord kommune.



God tur og lukke til..
Fann du det du leita etter?
   

Kontaktinformasjon

Eidfjord fjellstyre
Simadalsvegen 1
5783 Eidfjord
Telefon
: 53673652

Mobil
: 47612205
(Kontonr)
: 3450.20.04966

Galleri

Fotograf: Gunnar Elnan
Steinbua innvendig
Gunnar Elnan
Levert av ACOS AS
Login for redigering Login for redigering