Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Søk

Information in English
   

Ordensreglar

Velkomen som brukar av hytta.

Eidfjord fjellstyre håpar du får eit triveleg opphald og at ”sjølvbetjeningssystemet” fungerar som forventa.

  • Før du forlet hytta ver venleg å skriv deg inn i hytteboka.
  • Når du brukar ved, så fyr med omtanke, veden er dyr i innkjøp og transport. Når du forlet hytta gjer klar ved til neste gjest.

  • Ver varsam med bruk av gass, sjå etter at propan er stengt når du forlet hytta. Steng og gjerne av propanen om natta.

  • Alt søppel som ikkje kan brennast må leggjast i søppelsekk i gangen. Sekken må snørast att og plasserast i søppeldunk. Mindre restar av matavfall kan ”kastast” i god avstand frå hytta gjerne innimellom steinar o.l.

  • Ver venleg å ikkje ta med hundar inn i opphaldsrom/soverom. Hundar må i tilfelle liggje i gangen.
  • Hugs å rydda etter hundar og hundespann som står ute.

  • Bruk ikkje støvlar eller utesko inne i opphaldsrom.

  • Når du forlet hytta ver venleg å sjå til at alt er i orden. Hugs å ta med det du har løyvd av mat og personlege eigendelar som klede, sko osv. Vask opp koppar og kar, tørk over bord og benkar og til slutt tørk/vask over golvet.
  • Hugs å skru av alle lys på solcelleanlegget.

  • Lås hytta og sjå til at alle vindaugar er forsvarleg lukka. Dersom du har lånt nyklar gjer vel å levere desse attende til Eidfjord Fjellstyre så snart som råd.


Fjellstyret takkar for at du som brukar har fylgt desse enkle reglar slik at hytta er klar og i god stand til neste gjest.

Fann du det du leita etter?
   

Kontaktinformasjon

Eidfjord fjellstyre
Simadalsvegen 1
5783 Eidfjord
Telefon
: 53673652

Mobil
: 47612205
(Kontonr)
: 3450.20.04966

Galleri

Fotograf: Gunnar Elnan
Langavasshaldehytta juli 05 (3)
Gunnar Elnan
Levert av ACOS AS
Login for redigering Login for redigering