5. Viersla
Svein Erik Ski
Viersla ligg vest for Heisanntjørn på ein moreneflate, ca 5 timars gange frå Tinnhølen. Er opphavleg ei gjetarhytte bygd for reinsgjetarane den tid det var drive med tamrein. Hytta er ei trehytte med eige uthus. Hytta har 4 køyer i hovudrommet, eit ekstra soverom med 2 køyer og oppsynet har eige avlest rom. I tillegg er det hems med plass til 4 om det kniper.
Hytta har bra standard og er bra utstyrt. Utanbygdsbuande har tilgang til å bruka hytta i perioden oktober og fram til påske, og mellom 1. juli og 20. august. Hytta har 4 stjerner på skalaen.