Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Søk

Information in English
   

Dyreliv

Det er registrert omlag 130 fugleartar og 25 pattedyrartar på Hardangervidda. Fleire arktiske og alpine artar (m.a. havelle, fjelljo, temmicksnipe og lappsporv) har si europeiske sørgrense her. Hardangervidda er det største høgfjellsplatået i Nord-Europa, og har dei største og viktigaste bestandane av mange fjelltilknytte dyre- og fugleartar i Sør-Noreg. P.g.a. den flate utforminga har Hardangervidda mykje større areal med innsjøar og myrområde enn andre fjellområde i Sør-Noreg, og fuglelivet i desse våtmarkene er spesielt rikt.

For menneska rundt Hardangervidda har villreinen vore det viktigaste jaktbyttet. Hardangervidda huser dei største villreinflokkane i Europa, og dyra har spelt ei sentral rolle for ferdsle og busetjing frå dei tidlegaste tider. Talet på villrein har alltid veksla, forvaltninga tek sikte på at ein vinterbestand på 10-12 000 dyr er passeleg i høve til vinterbeita.

For menneska er kanskje reinen den viktigaste dyrearten på Hardangervidda, men for økosystema er truleg smågnagarane vel så viktige. Dei vanlegaste smågnagarane i fjellet er lemen og fjellrotte, men i Eidfjordfjella finn du også markmus, gråsidemus og klatremus. Smågnagarane er sykliske, med store bestandstoppar kvart 3-4 år. Særleg lemen er kjent for å opptre i enorme mengder, berre på Hardangervidda kan ein rekne dei i millionar i eit toppår.

Smågnagarane vert jakta på av raudrev, røyskatt og snømus. Fuglelivet er også merkbart rikare i smågnagarår. Ein kan sjå fleire par enn vanleg med fjellvåk, men også fjelljo og jordugle kan reknast til hekkefuglane når smågnagarar finst i overflod. Andre fugleartar har også betre hekkesuksess i smågnagarår, sidan rovdyra retter all si merksemd mot smågnagarane.

To av dei vanlegaste fuglane vi treff på i fjellet er heilo og steinskvett, medan den mest talrike er den alle steds nærverande heipiplerka. Ved vatn og myrer midt inne på vidda finn vi viktige bestandar av vassfuglar og vadefuglar, mellom anna storlom, bergand, toppand, svartand, sjøorre, temmincksnipe, fjøreplytt og dobbeltbekkasin. I turrare heier opp mot toppen av flyene finn vi to andre karakterartar for Hardangervidda, boltit og fjellerke. I dei høgaste, mest steinete og karrige nutane er det mest berre fjellrypa og snøsporven som kan leva og fø opp ungar.
Fann du det du leita etter?
   

Kontaktinformasjon

Eidfjord fjellstyre
Simadalsvegen 1
5783 Eidfjord
Telefon
: 53673652

Mobil
: 47612205
(Kontonr)
: 3450.20.04966

Galleri

Fotograf: Georg Gjøstein
Langavasshadlle vinter
Georg Gjøstein
Levert av ACOS AS
Login for redigering Login for redigering