Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Søk

Information in English
   

Flora

Ikkje noko fjellområde i Noreg kan framvise eit slikt mangfald av klima- og vegetasjonstypar som Hardangervidda, noko som fører med seg eit rikt og variert planteliv. Det er registrert over 500 forskjellige artar av karplanter. Artsrikdomen skuldast den vekslande berggrunnen og klimavariasjonen på tvers av vidda. Mange høgfjellsplanter har sørgrensa på Hardangervidda.

Snømengda speler ei viktig rolle i utforminga av plantesamfunna i høgfjellet. Dei mest vindutsette rabbane har berre eit tynt snødekke, medan snøen samlar seg i fleire meter tjukke lag på lesida. Det gjer at ein innanfor korte avstandar får ein mosaikk av ulike vegetasjonstypar. Ein skil mellom rabbevegetasjon på stader med manglande eller lite snødekke, lesidevegetasjon på stader med moderat snødekke og snøleier der mykje snø gjer at jorda er snøbar mindre enn tre månader i året. I snøleiene veks det rikeleg med musøyre, verdas minste treaktige plante. Den er ein viktig beiteplante for villreinen.

Jordsmonnet er også viktig. I nutene rundt Veigdalen og Sysendalen kjem dei marine avleiringane fram i dagen i form av ulike typar fyllitt. Her finn vi spesielt artsrike plantesamfunn, ofte som reinrosehei med reinrose, fleire artar av sildrer, issoleie, snøbakkestjerne, bakkesøte og orkidéen grønkurle for å nemne nokre.

Elles er mindre iaugefallande plantar som gras, storr, frytler og sev dominerande i fjellet. Snøull og duskull nikker med kvite bustehovud på fuktig mark. Stivstorren er ein karakterplante på skrinne rabbar, saman med krekling og ulike lavartar. Den vakre rosa fjelltjæreblomen er også ei nøysam plante som trivst på turre moreneryggar.

Langs med bekkar og elver i låg- og mellomalpin sone finn vi tette vierkjerr. Her finn fuglar og småpattedyr skjul for reir og ungar, og blant plantene som trivst her finn vi kjenningar frå låglandet som skogstorkenebb, raud jonsokblom og enghumleblom.
Fann du det du leita etter?
   

Kontaktinformasjon

Eidfjord fjellstyre
Simadalsvegen 1
5783 Eidfjord
Telefon
: 53673652

Mobil
: 47612205
(Kontonr)
: 3450.20.04966

Galleri

Fotograf: Svein Erik Ski
Viersla innvendig
Svein Erik Ski
Levert av ACOS AS
Login for redigering Login for redigering