Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Søk

Information in English
   

Geologi

Sjølve grunnplatået på Hardangervidda består av bergartar som er over 1000 millionar år gamle, det meste er hard gneis og granitt. For omkring 600 millionar år sidan var vidda slipt ned til eit slettelandskap, som så vart overfløymd av eit hav. På botnen av dette havet vart det avsett ulike lag av grus som blei til konglomerat, svart slam og leire som blei til skifer, fin sand av kvarts som blei pressa saman til kvartsitt, og inn i mellom vart det avsett kalkhaldige organismar som til slutt er omdanna til kalk.

Under den kaledonske fjellkjedefoldinga for ca. 450 millionar år sidan vart svære flak av harde bergartar skyvd inn over den gamle havbotnen på Hardangervidda. Seinare skjedde det ei landheving i Vest-Noreg, som gjorde at vatn og brear fekk ekstra godt tak og skar seg djupare inn i landet her enn på austsida der fallhøgda er langt mindre. Resultatet av desse prosessane ser vi i dag. På vestvidda er landskapet dramatisk bratt ned mot fjordane, medan det austover er langt meir slake linjer med store forseinkingar og vide dalar. Det gamle skyvedekket er stort sett erodert bort, men vi finn restar i Hårteigen og under Hardangerjøkulen. Av den gamle havbotnen er det meir igjen. Den ligg som store flak over grunnfjellet og dekker store delar av Vestvidda. Skiferen og kalken gir eit godt jordsmonn, og den vestre delen av vidda er langt frodigare enn den austre.

Gjennom heile istida var Hardangervidda dekt av ein stor isbre. Under smeltinga danna det seg store elvar, dels oppe på isen, men også under breen. Over heile vidda kan ein sjå korleis elvelaup vart forma og vatn demde opp av små og store morenar og eskerar, enten avsett på sida av eller under breen. Det er stor forskjell på utbreiinga av morenedekket. På aust- og sentralvidda er det store moreneavsetjingar, og det er ofte langt mellom kvar gong ein ser fast fjell.
Fann du det du leita etter?
   

Kontaktinformasjon

Eidfjord fjellstyre
Simadalsvegen 1
5783 Eidfjord
Telefon
: 53673652

Mobil
: 47612205
(Kontonr)
: 3450.20.04966

Galleri

4. Langavasshadle
4. Langavasshadle
Levert av ACOS AS
Login for redigering Login for redigering