Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Søk

Information in English
   

Småviltjakt

fjell_rypa4 - Klikk for stort bilete

Det er gode moglegheiter for småviltjakt i Eidfjord statsallmenning. Fjellrype og lirype er det vanligaste viltet, men det vert og felt hare, ender og raudrev.

Det er lagt vekt på i forvaltninga at jakta skal vera berekraftig. Med det meiner fjellstyret at rypestamma det enkelte år skal tåle jaktpresset slik at det er nok stamfugl att til produksjon av eit haustingsverdig overskot neste år. Fjellstyret gjennomfører difor taksering i august som legg grunnlaget for om det vert opna for sal av jaktkort.

Fjellstyret legg opp til at småviltjakt skal vera eit tilbod for ålmenta. Det vert helde låge prisar og det er korttilbod til alle. Men alle kan ikkje jakta frå 15. september, difor har fjellstyret regulert jakta dei fyrste 14 dagane.


Artar som kan jaktast på:
Hare, raudrev, mink, lirype, fjellrype, kråke, ramn, skjor, stokkand, krikkand.

Jakttid:
Jakttida på småvilt er frå og med 15. september til og med 23. desember.

Områdeinndeling:
Allmenningen er delt i 2 småviltjaktområde, sjå kartet for grenser.

Fann du det du leita etter?
   

Kontaktinformasjon

Eidfjord fjellstyre
Simadalsvegen 1
5783 Eidfjord
Telefon
: 53673652

Mobil
: 47612205
(Kontonr)
: 3450.20.04966

Galleri

Fotograf: Gunnar Elnan
Tinnhølhytta innvendig juli 05
Gunnar Elnan
Levert av ACOS AS
Login for redigering Login for redigering