Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Søk

Information in English
   

Fjellstyret og statsallmenningsforvaltninga

Statsallmenningane i Sør- og Midt-Noreg omfattar til saman 26.6 mill. daa. Allmenningsretten er omhandla i våre aller eldste lover, men bygdene si felles utnytting av allmenningane går lenger tilbake enn lovgjevinga. I tillegg til at statsallmenningane er viktige rekreasjonsområde for hele landet si befolkning, har bygdene sine kollektive rettigheitar i områda avgjerande betyding for å oppretthalde levedyktige bygdesamfunn. Viktige bruksretter i dag er beiting, seterdrift, jakt, fangst og fiske.
Fotograf: Gunnar Elnan
Utsikt fotograf Gunnar Elnan
Eidfjord statsallmenning er på 550.000 daa og vert forvalta av Eidfjord fjellstyre. Fjellstyra si verksemd er heimla i fjelloven. Kommunestyret vel medlemer til fjellstyre, men fjellstyret er eit frittståande organ med eigen økonomi som ikkje er underlagt kommunestyret.

Fjellstyret er tillagt administrasjonen av bruksrettene og lunnende i statsallmenningen, såframt ikkje anna er gjeve i medhald av lov. I hovudtrekk omfattar dette bruksrettar tilknyta jordbruk som seter og beite, samt jakt, fangst og fiske. Innhaldet i bruksretten er ikkje uttømmande skildra i fjelloven, men er fastlagt gjennom lang tids bruk. Utnyttinga av bruksrettene er heller ikkje låst til ein bestemt tilstand, og ein tidsmessig utvikling av bruksrettene står sentralt.

Fjellstyret si viktigaste oppgåve er derfor å administrere bruksrettane i statsallmenningen til beste for de bruksberettiga og næringslivet i lokalsamfunnet, samtidig som de skal ivareta både lokalsamfunnet og storsamfunnet sine naturvern- og friluftsinteresser.

Innanfor rammene av fjelloven med forskrifter er det fjellstyret som fastsetter nærmare regler for jakt og fiske i statsallmenningen. Før fjellstyret gjør vedtak om regulering av tilgang til jakt, fangst og fiske og fastsetting av jakt- og fiskeregler skal kommunen uttale seg. Er det usemje mellom kommunen og fjellstyret avgjer DN saka.

Eidfjord fjellstyre lagar kvart år årsmelding som gjev nærare skildring av verksemda og kan lesast på heimesida, www.eidfjord-fjellstyre.no.

Samarbeidsorgan
Fjellstyret står tilslutta Norges Fjellstyresamband www.fjellstyra.no og er i tillegg tilslutta regionsamanslutninga Samarbeidsorganet for fjellstyra på Hardangervidda.
 
Fann du det du leita etter?
   

Kontaktinformasjon

Eidfjord fjellstyre
Simadalsvegen 1
5783 Eidfjord
Telefon
: 53673652

Mobil
: 47612205
(Kontonr)
: 3450.20.04966

Galleri

Fotograf: Gunnar Elnan
Tinnhølhytta innvendig juli 05
Gunnar Elnan
Levert av ACOS AS
Login for redigering Login for redigering