Villreinjakt på Hardangervidda 2023

Det vert lagt til rette for ei god bukkejakt på Hardangervidda i 2023.

Målet er å bekjempa, og om mogleg, utrydda klassisk skrantesjuka. Jakta er det viktigste bidraget for å ta ut smitta dyr og redusera smittespreiing.

Her finn du info om tiltaka som vedkjem deg som jeger.

Kontrollkort og kvote

Det er eit mål å fella så mange vaksne bukkar som mogleg i jakta. Det er i år kun høve til å fella vaksen bukk på Hardangervidda. Alle kontrollkort er for "voksen bukk 2,5 år og eldre". Samla kvote er på 4000 kontrollkort i 2023.

Skrantesjukeprøver

Jeger skal ta hjerne- og lymfeprøvar frå alle felte dyr. Prøvane skal merkast med merkelappnummer og sendast til Veterinærinstituttet. Jeger skal rapportera opplysningane om felte dyr, inkl. strekkode for cwd-prøve, på Hjorteviltregisteret.

Etter nokre dagar, kan du sjølv søkja opp prøvesvaret i Hjorteviltregisteret ved hjelp av merkelappnummeret. På sida Kartleggingsprogrammet for skrantesjuke finn du instruksjonsvideoar og annan informasjon om skrantesjuke.

Sjå òg eigen rettleiingsbrosjyre til jegrar.

Informasjon om villreinjakt på Hardangervidda 2023 (PDF, 219 kB)